Erik Ellingsen Lundesgaarden (21. mars 1766–1. oktober 1843) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Buskerud.
Lundesgaarden var fødd i Ådalen i Buskerud, der faren var gardbrukar. Sjølv skaffa han seg garden Lundesgaarden i Norderhov i 1790, og kjøpte seinare opp grannegarden. Den store garden dreiv han til han i si tid delte han mellom to av sønene.
Til Lunder kyrkje gav han i 1806 eit kyrkjeorgel i gåve. Etter at orgelet var innsett, møtte ein del bygdemenn opp med økser og jarnspett for å få fjerna orgelet. Lundesgaarden gjekk då inn avtale om at han, og ettermannen hans på garden, skulle koste gratis organist. Sonen hans, Elling Eriksson Lundesgaarden, var sidan organist i 30 år (1830-60).
Lundesgaarden var 2. representant frå Buskeruds amt på Stortinget i 1821 og omframstortinget i 1822. Han var i 1821 medlem av fire komitear, mellom dei om bergverkslova. Både i 1821 og 1822 var han medlem av Lagtinget. Under riksrettane 1821 og -22 vart han utskoten av den påklaga.
Han døydde på garden sin i 1843.
Kjelder