Erciyes (tyrkisk Erciyes Dağı; frå gammalgresk Ἀργαῖος Argaeos; latinsk Argaeus) er ein massiv stratovulkan kring 25 km til sør for Kayseri i Tyrkia.
Erciyes er det høgaste fjellet i Sentral-Anatolia med ei høgd på 3916 meter over havet. Det vert rekna som det høgaste fjellet i Anti-Taurus-fjella, ei nordaustleg forlenging av Taurusfjella i sør, og høyrer til Det alpide beltet i Eurasia.[2]
Vulkanen er kraftig erodert, men kan ha hatt utbrot så nyleg som 253 fvt., som kan ha vore synt mytar frå romartida.[3]
Strabon kalla fjellet Argaeus (Ἀργαῖος); han skreiv at toppen aldri var fri for snø og at dei få som hadde vore på toppen kunne sjå både Svartehavet i nord og Middelhavet i sør på klåre dagar.[4]
Den første dokumenterte klatringa av fjellet vart gjort av William John Hamilton i 1837.
Det er vintersportfasilitetar i fjellet.
Galleri
-
Satellittbilete av Erciyes den 31. mars 2005,
NASA World Wind.
-
Toppen av Erciyes.
Kjelder
Bakgrunnsstoff