Entente cordiale (fransk for «hjarteleg overeinskomst») er ei samling avtalar inngått 8. april 1904 mellom Storbritannia og Frankrike, opphavleg berre for å regulera forholda mellom interessene dei to landa hadde i Afrika.[1]
Utover kolonisakene som var direkte omhandla i avtalen, markerte underteikninga av Entente cordiale slutten på fleire hundreår med tilbakevendande konflikt mellom dei to nasjonane, og starten på den fredelege sameksistensen som har halde fram til i dag.
Då Russland slutta seg til samarbeidet i 1907, snakka ein om Trippelententen. Dermed var grunnlaget også lagt for det diplomatiske og militære samarbeidet mellom dei tre landa i forløpet til den fyrste verdskrigen.[2]
Galleri
Vitseteikning frå Punch som viser britiske John Bull og ei fransk dame som eit par, medan Tyskland let som om han ikkje bryr seg.
Fransk vitseteikning om avtalane.
Tysk plakat frå 1915 som syner Storbritannia som ein stor edderkopp som følgje av avtalen.
Britiske og franske soldatar i lag i 1904.
Fransk og britisk soldat på eit postkort frå 1915.