Eli Skolmen Ryg (fødd 27. mai 1936) er ein norsk TV-produsent.
Filmografien hennar inkluderer NRK sine TV-seriar Enerom (1987), Fortuna (1993), Offshore (1996) og Soria Moria (2000). I 1990 vann ho Amandaprisen Gullklapperen.
Eli Skolmen Ryg er i slekt med fleire skodespelarar; ho er mor til Hege Schøyen og Anne Ryg, tidlegare svigermor til Harald Eia, søster til Jon Skolmen og tante til Christian og Tine Skolmen.
Referansar