Ein (hebraisk עין) er hebraisk for vasskjelde. Avdat (hebraisk עבדת) kjem frå den nærliggande byen Avdat som ligg sør for kløfta.[1] Avdat vart kalla opp etter den nabateiske kongen Obodas I som i følgje tradisjonen er gravlagd der.[2]
Historie
Førhistorisk tid
Funn av flintreiskap syner at det har vore busetnad her i førhistorisk tid. Ein trur dei kan vere så gamle som 80 000–90 000 år gamle og ein del av Moustérienkulturen. Flint i frambrot i nærleiken vart nytta til piler og spissar. Skal frå strutseegg og bein frå villesel syner noko av dyrelivet på den tida. Mennskeskapte knivar og andre handhaldne verktøy indikerer at dei kjem frå eldre steinalder og mellomsteinalderen. Restane av små busetnader består av fleire runde strukturar daterte til bronsealderen.[3]
Antikken
I hellenistisk tid vart Avdat ein stasjon langs den nabateiske Røykjelsevegen, ein gammal handelsveg frå Egypt til India gjennom Arabia. Jordbruket utvikla seg tidleg i romartida. Festningar langs Røykjelsevegen utvikla seg til blømande byar med mange offentlege bygg og gardar.[3][4]
I bysantinsk tid, var Ein Avdat busett av munkar som budde i grotter. Dei skar ut skap, hyller, benkar, trapper og vassystem, og dekorerte murane i grottene med kross og bøner.[3][5]
UNESCO reknar Avdat som ein verdsarvstad på grunn av den unike bysantinske kyrkja frå 200-talet. Ho er både ei av dei eldste og best bevarte kyrkjene i tida før kristendomen vart godkjend av keisar Konstantin. Kyrkja vart mykje øydelagd av beduinske vandalar i 2009.[6]
Ein Avdat er ein del av Nahal Zin, den største wadi eller tørre elveleie i Negev. Den 120 kilometer lange dalen byrjar i nordvestenden av Makhtesh Ramon og går nordover før han svingar skarpt austover. Ein Avdat vart skapt av erosjon.[3][5]
Vasskjelder
Den sørlegaste kjelda er Ein Ma'arif,[3][9] med ei rekkje basseng og vatn.[10] Det ligg ei bysantinsk festning oppom kjelda og i nærleiken finst jordbruksland.[5][10]
Lenger nord ligg Ein Avdat, ein 15 meter høg foss som fell ned i ei åtte meter djupt vatn delt av fleire små, kunstige dammar.[11]
Nord i parken ligg ei kjelde kalla Ein Mor, kalla opp etter myrra.[9][12]
Rundt kjeldene veks det poppel og atriplex, ofte kalla saltbusk, som veks ved elvebreidda og toler salt.[3][7]
Somrane er varme og nesten heilt utan nedbør, medan vintrane er kjølige med noko nedbør. Den lågaste temperaturen som er målt ved ein vêrstasjon i området er -3,6 °C. Om sommaren kan temperaturane nå over 40 °C. Fukta er relativt høg.[13]