Landseer måla i den romantiske stilen. Motiva hans var i fremste rekke dyr og natur, særleg hundar og hestar. Hunderasen landseer har namn etter han. Mange av måleria hans er prega av ein tendens som skulle framheve ei moralsk oppfatning, eller fortelje ei soge. Dei sentimentale bileta var svært populære og nådde eit stort publikum gjennom ulike stikk. Hans mest kjende bilete er Monarch of the glen frå 1851.
Som bilethoggar er Landseer kjend for å ha forma dei fira løvefigurane som omgjev statuen av admiral Nelson på Trafalgar Square i London.