Stanley såg fyrst sjøen i 1888, då han reiste opp elva Semliki, og gav elva det noverande namnet.[2] På 1970- og 1980-talet gav Uganda og Zaire (dagens DR Kongo) sjøen namnet Idi Amin-sjøen eller Idi Amin Dada-sjøen, til ære for diktatoren i Uganda, Idi Amin. Etter at Amin blei avsett i 1979 fekk sjøen tilbake det føre namnet.
Topografi og drenering
Edwardsjøen ligg på 912 meters høgd. Han er 77 km lang og 40 km brei på det største, og dekkjer eit areal på 2 242 km², slik at han er den 15. største på kontinentet. Han har tilløp frå elvene Nyamugasani, Ishasha, Rutshuru og Rwindi, og dessutan frå Georgesjøen i nordaust via Kazingakanalen. I nord har Edwardsjøen avløp til Albertsjøen via elva Semliki.[1]
Den vestlege forskyvinga i Riftdalen stig opp til 2000 meter over den vestlege breidda av sjøen, medan dei sørlege og austlege breiddene består av flate lavasletter. Ruwenzorifjella ligg 20 km nord for sjøen.
Busetnad
Edwardsjøen ligg heilt innanfor Virunga nasjonalpark i Kongo og Queen Elizabeth nasjonalpark i Uganda. Han har ikkje stor folkesetnad langs breidda, bortsett frå ved Ishango i Kongo i nord, der det ligg eit treningssenter for parkvaktarar. Rundt to tredelar av vatnet til sjøen ligg i Kongo og ein tredel i Uganda. Utanom Ishango er den største kongolesiske busetnaden i sør i Vitshumbi, medan dei ugandiske busetnadane er Mweya og Katwe i nordaust, nær kratersjøen med same namn. Dei næraste større byane er Kasese i Uganda i nordaust og Butembo i Kongo i nordvest, som ligg høvesvis 5 mil og 15 mil unna langs vegen.[3]
Kjelder
↑ 1,01,11,2Askheim, Svein (22. februar 2021). «Edwardsjøen». Store norske leksikon (på norsk bokmål).