Dundalk (irsk Dún Dealgan) er den sjuande største byen i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Louth og er så vidt mindre enn Drogheda, som òg ligg i Louth. Begge har like over 35 000 innbyggjarar.
Byen ligg nær grensa til Nord-Irland og har fått namn etter det irske Dún Dealgan, som tyder 'Dalga sin festning'. Byen fekk byrettar i 1189 og ligg ved den nedste brua over elva Castletown. På byvåpenet står det «Staden der den modige Cúcchulainn vart fødd», som er ein figur frå irsk mytologi.
Kjelder
Bakgrunnsstoff