«Down by the River» er ein song av Neil Young. Han kom ut i 1969 i lag med Crazy Horse på Everybody Knows This Is Nowhere. Young forklarte kva songen omhandlar då han introduserte songen i New Orleans den 27. september 1984. Han omhandlar ein mann som finn ut at kona er utru, møter ho nede ved elva og skyt ho. Eit par timar seinare kjem sheriffen til huset hans og arresterer ho.[1] I notata for samlealbumet Decade i 1977 skreiv Young at han «Down by the River» og «Cowgirl in the Sand», medan han låg til sengs med feber i Topanga Canyon.[2]
Medverkande
Andre framføringar
På konsertane har Young spelt alt frå kortare, akustiske soloframføringar, som på Crosby Stills Nash & Young-albumet Four Way Street, til den tolv minuttar lange utgåva på Live at the Fillmore East med Crazy Horse. På Rock Am Ring i Tyskland i 2002, spelte Young, i lag med Booker T Jones, Donald "Duck" Dunn og Frank Sampedro ein 27 minuttar lang versjon av songen.[3]
Av andre artistar som har spelt songen finn ein Roy Buchanan, The Meters, String Cheese Incident, Dave Matthews Band, The Indigo Girls, Low/Dirty Three, Tall Firs, McKendree Spring, Michael McDonald og Buddy Miles.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Filmmusikk | |
---|
Samleplater | |
---|
Archives-konsertar | |
---|
Ikkje-utgjevne album | |
---|
Filmar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|