Dorothy Tennant (22. mars 1855–5. oktober 1926) var ein britisk nyklassisistisk målar frå viktoriatida.
Tennant var fødd ved Russel Square i London som den andre dottera til politikaren Charles Tennant og sosietetskvinna Gertrude Barbara Rich Collier. Ho studerte målarkunst under Edward Poynter ved Slade School of Fine Art i London og Jean-Jacques Henner i Paris.[1]
I tillegg til å laga måleri skreiv og illustrerte Tennant fleire bøker,[2] mellom anna London Street Arabs frå 1890.[3]
I 1890 gifta ho seg med Afrika-oppdagaren Henry Morton Stanley, og då han blei adla ni år seinare fekk ho tittelen Lady Stanley. Dei to adopterte ein son, Denzil. Etter at ektemannen døydde i 1904 redigerte og illustrerte ho sjølvbiografien hans,[4] er blitt skulda for å ha teke vekk alt snakk om kvinner i livet hans før henne.
Dorothy gifta seg opp att i 1907 med Henry Curtis (d. 1944), ein kirurg, patolog og forfattar.[5]
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff