Indre Østfold
|
distrikt
|
Indre Østfold markert i blått.
|
Land
|
Noreg
|
|
Indre Østfold er eit distrikt som ligg i den nordre delen av Østfold fylke. Distriktet vart formelt oppretta gjennom vedtak i fylkestinget i 2007. Dei to byane i området er Askim og Mysen.
Distriktet hadde til saman 57 094 innbyggjarar den 1. juli 2009.[1] og eit areal på 2 243 kvadratkilometer.[2]
Det omfatta då dei ti kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Rakkestad, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad. Etter kommune- og regionreforma i 2020 omfatta det kommunane Aremark, Marker, Indre Østfold, Skiptvet og Rakkestad.
Administrative inndelingar
- Kommunane deltek i Indre Østfold Regionråd
- Distriktet utgjer næringsregionen Indre Østfold (NHO).
- Aremark, Marker, Trøgstad, Askim, Eidsberg, Rakkestad og Rømskog høyrer til Østre Borgesyssel prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja.
- Spydeberg, Skiptvet og Hobøl høyrer til Vestre Borgesyssel prosti (også under Borg).
- Distriktet høyrer til domsmyndeområdet til Heggen og Frøland tingrett, utanom Aremark og Rakkestad som ligg under høvesvis Halden tingrett og Sarpsborg tingrett, alle under Borgarting lagmannsrett.
Kjelder