Didrik Kornelius Mortensen Bøgvad (4. mars 1792–31. desember 1856) var ein norsk skipperborgar og gardbrukar frå Liknes sokn i Kvinesdal i Vest-Agder.
Bøgvad, som var son av ein sorenskrivar, slo seg opp som skipperborgar. Han busette seg på garden Øye i Kvinesdal, der han var fødd og der han døydde. Bøgvad var 4. representant på Stortinget 1842 for Lister og Mandals amt. Han var medlem av næringskomite nr 2.
Kjelder