Bergartane i reservatet er ei blanding av kalkstein og kritthaldig kalkstein, som har blitt forma til bratte skrentar.[2] Årsmiddelnedbøren her er 710 mm i året.[2]
Planteliv
Skogsreservatet har eit av dei gjenverande døma på furu-eikskog i Midtausten. Treartane i reservatet varierer med høgda aleppofuru finst i lågare høgder, ei blanding av furu og eik (aleppofuru og palestinaeik) veks i midten, og ein art av ei lita eik – Quercus infectoria – veks i høgda.[2] Andre planter i reservatet er mellom anna orkidéar, gresk jordbærtre, pistasje og oliventre.
Dyreliv
Det finst minst 17 utryddingstruga artar i reservatet. Desse er mellom andre persisk ekorn, fire typar flaggermus,[1]gråulv og stripete hyenar. Det lever òg skogsfugl i skogen.[1]