I 1868 blei provinsen omorganisert av dei nye Meiji-styresmaktene til Ugoprovinsen (羽後国,Ugoprovinsen) i nord og Uzenprovinsen (羽前国,Uzenprovinsen) i sør. Desse provinsane blei til Akita prefektur og Yamagata prefektur i 1876.[2]
Historie
Tidleg historie
Før Asuka-tida var Dewa folkesett av ainuar eller emishiar, og var i røynda utanfor maktsfæra til Yamatodynastiet. Abe no Hirafu overvann dei innfødde emishistammane og skipa det som blei til byane Akita og Noshiro i 658. Han grunnla også ein festning ved Mogamielva. I 708 blei Dewa distrikt (出羽郡,Dewa-gun) skipa i Echigō-provinsen. Distriktet dekka omtrent dagens Shōnai-område i Yamagata prefektur, og blei gradvis utvida nordover etterkvart som japanarane pressa ut dei innfødde folka på nordlege Honshū. Dewa distrikt fekk status som provins i 712, og fekk i tillegg distirkta Okitama og Mogami, som tidlegare hadde vore del av Mutsu-provinsen.[3]
Væpna kolonistar grunnla fleire busetnader med trepalisadar i sentrale Dewa. Den første provinshovudstaden var Dewanosaku (出羽柵), ein befesta busetnad i det som no er Sakata i Yamagata. Denne var ein viktig bastion då Yamato-riket utvida kontrollen og folkesetnaden sin i området. I 733 blei hovudstaden flytta nordover, og det blei bygd ein ny militær busetnad, seinare kalla Akitaborga, i det som no er Takashimizu-området i Akita. Abe no Yakamaro blei Chinjufu-shōgun. I 737 byrja eit større arbeid med å laga vegsamband mellom Akitaborga og Tagaborga ved stillehavskysten. I løpet av dei neste 50 åra blei det bygd fleire festningar ved Okachi i Dewa og Monofu i Mutsuprovinsen, med styrkar på over 5000 mann. Vegen var sterkt mislikt av emishiane, og etter eit opprør i 767 blei det sendt ut ekspedisjonar for å hindra slike opprør i 776, 778, 794, 801 og 811.[4]
Under Heiantida, i 878, braut det ut eit større opprør, kjend som Ganki-forstyrringa (元慶の乱,Ganki no ran), mot Yamato-herskarane. Det fann stad eit anna større opprør i 939, som del av den austjapanske krigen Tengyō no Ran. Mot slutten av Heiantida blei provinsen delt opp i 11 distrikt. Han var seinare slagmark under Gosannen-krigen og Den tidlege niårskrigen.
Tidleg i Edo-tida blei både Mogami og Akita fråtekne områda sine, som blei delte opp i mindre delar kalla han. Det største av desse områda tilhøyrde Sakai- og Uesugi-klanen. Under Bakumatsu-tida gjekk alle han-godsa saman i koalisjonen Ōuetsu Reppan Dōmei som støtta Tokugawa-shogunatet. Styrkane som støtta Tokugawa blei til slutt slått av Meiji, som omorganiserte Dewa-provinsen til Ugo- og Uzan-provinsen. i 1868. Desse provinsane blei til Akita og Yamagata prefektur den 2. august 1876.[2]
Kjelder
↑Kōdansha. (1993). "Akitajō" i Japan: an Illustrated Encyclopedia, bd. 1, s. 29.