Deutsche Welle

Deutsche Welle

Lansert3. mai 1953
LandTyskland
Språkengelsk, tysk
Kringkastings-
område
Tyskland
HovudkontorSchürmann-Bau
Nettstadhttps://www.dw.com/

Deutsche Welle (DW) er ein tysk internasjonal kringkastingsorganisasjon. Han sender nyhende og informasjon på kortbølgjer og satellittradio på 29 språk. Fjernsyn blir kringkasta på tre språk, og nyhende på internett på 30 språk. Organisasjonen kan samanliknast med BBC World Service, Voice of America og Radio France Internationale.

Deutsche Welle har hatt regelmessige sendingar sidan 1953 Fram til 2003 heldt organisasjonen til i Köln, men han har no sete i det gamle føderale regjeringsområdet ved breidda av Rhinen i Bonn. Fjernsynssendingane blir produserte i Berlin, medan internettnyhenda blir produserte både i Berlin og Bonn.

Den 3. februar 2022 fekk Deutsche Welle sendeforbod i Russland. Forbodet var ein reaksjon på Tyskland sitt forbod mot den tyskspråklege versjonen av den russiek statskanalen Russia Today, RT DEI.[1] Dagen etter, den 4. februar, blei Deutsche Welle sperra i Belarus, for fyrste gong sidan oppløysinga av Sovjetunionen.[2]

Galleri

Kjelder

  1. Welle (www.dw.com), Deutsche. «Sendeverbot für Deutsche Welle in Russland | DW | 03.02.2022». DW.COM (på tysk). Henta 5. februar 2022. 
  2. Welle (www.dw.com), Deutsche. «DW-Sperre in Belarus: Wie im Kalten Krieg | DW | 29.10.2021». DW.COM (på tysk). Henta 4. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Deutsche Welle

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!