Flagget til Papua Ny-Guinea. Storleiksforhold: 3:4
Det papuanske flagg blei teke i bruk 1. juli 1971 . Flagget er utforma av Susan Huhume, som var berre 15 år gammal då ho vann ein landsdekkjande konkurranse om å teikne eit nytt nasjonalt flagg i 1971.[ 1]
Raudt og svart har lenge vore dei tradisjonelle fargane til mange stammar på Papua Ny-Guinea. Svart-kvitt-raudt var fargane på flagget til det tyske keisardømet , som hadde kolonisert Ny-Guinea før 1918. Paradisfuglen , som er ein stilisert safranparadisfugl (Paradisaea raggiana )[ 2] , er også på det papuanske riksvåpenet , saman med stjernebiletet Sørkrossen .
Referanser
↑ «The true inside story of the saga of the PNG flag» .
↑ Frith, C., Frith, D. & Bonan, A. (2017). Birds-of-paradise (Paradisaeidae) . In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive . Lynx Edicions, Barcelona.
Suverene statar Territorium