Det internasjonale fonetiske alfabetet (i daglegtale IPA-lydskrifta, frå det engelske namnet International Phonetic Alphabet) er eit fonetisk alfabet som lingvistar brukar til å representera dei språklydane (fonar eller fonem) som taleorgana til mennesket kan produsera. IPA er meint å vera ein standard for lydskrift i alle språk. Dei fleste teikna kjem frå det latinske alfabetet, medan andre er tekne frå gresk og nokre få teikn som ikkje finst i noko skriftspråk.
Pulmoniske konsonantar
- Stjerner (*) markerer lydar som ikkje har offisielle IPA-symbol. Sjå artiklane om lydane for ad hoc-symbol brukt i litteraturen.
- Kross (†) markerer symbol som ikkje har offisiell Unicode-støtte. Frå mai 2005 gjeld dette labiodental flapp, som blir symbolisert ved v med ein krok på høgre side:
- I rader der symbola står i par (obstruentar), er symbolet til høgre ein stemt konsonant (bortsett frå [ɦ]). I dei andre radene står det enkle symbolet for ein stemt konsonant.
- Sjølv om det er eit felles symbol for dei koronale artikulasjonsstadene for alle konsonantar bortsett frå frikativar, blir symbola sett på som spesifikt alveolare, post-alveolare, osb., når ein tek for seg eitt enkelt språk, avhengig av korleis ein uttalar lyden på dette språket.
- Mørke område viser til artikulasjonar som ein reknar som umoglege.
- Symbola [ʁ, ʕ, ʢ] representerer anten stemte frikativar eller approksimantar.
- Det er meir forma på tunga enn stillinga hennar som skill frikativane [ʃ ʒ], [ɕ ʑ] og [ʂ ʐ].
- Den labiodentale nasalen [ɱ] er ikkje kjend som fonem i noko språk.
Ikkje-pulmoniske konsonantar
Vokalar
- Der symbola opptrer i par, er det til høgre ein runda vokal. Alle andre er urunda.
Diakritiske teikn
Suprasegmentale diakritikon
Suprasegmentale diakritika er teikn som blir nytta for å gje trykk, tonelag og lengde på vokalar og konsonantar.
Teikn |
Tyding og bruk |
Eksempel
|
ˈ |
Viser staving som har hovudtrykk, og at tonelag 1 skal brukast. Skal plasserast til venstre for den aktuelle stavinga. |
[ˈlʷoːʋən] - loven
|
² |
Viser staving som har hovudtrykk, og at tonelag 2 skal brukast. Skal plasserast til venstre for den aktuelle stavinga. |
[²lʷoːʋən] - låven
|
˜ |
Viser cirkumfleks tonelag i einstavingsord. |
[˜lʷɔːn] - trøndersk låne med apokope
|
ˌ |
Viser staving som har bitrykk. Påverkar ikkje tonelag. |
|
ː |
Viser lang vokal eller konsonant i hovudtrykkstaving. Blir plassert etter den aktuelle lyden. |
[²leːtə] - lete
|
ˑ |
Viser halvlang vokal eller konsonant i bitrykkstaving. Blir plassert etter den aktuelle lyden. |
|
Sjå òg
Bakgrunnsstoff