Det bangladeshiske flagget

Det bangladeshiske flagget. Proporsjonar: 3:5
Proporsjonar for det bangladeshiske flagget.

Det bangladeshiske flagget er danna av ei raud skive på grøn bakgrunn. Det raude symboliserer blodet som blei spilla under frigjeringskrigen til Bangladesh, eller ei gryande sol. Det grøne representerer det frodige landet. Flagget blei offisielt godkjent 17. januar 1972, og er basert på eit liknande flagg som blei brukt under den bangladeshiske frigjeringskrigen.[1][2]

Flagget minner om det japanske flagget, som har tilsvarande oppbygning med kvit bakgrunn i staden for grøn.

Andre flagg

Bangladesh har eit handelsflagg etter britisk mønster, det vil seia ein såkalla red ensign, der nasjonalflagget er sett inn i kantonen på ein raud flaggduk. Handelsflagget har storleiksforholdet 1:2 Orlogsflagget er tilsvarande, berre at flaggduken er kvit. Dette minner på om ein britisk white ensign, men utan den raude krossen.

Kjelder

  1. Flag of Bangladesh Arkivert 23. mai 2006 på Wayback Machine. Arkivert 23. mai 2006 ved Wayback Machine., Flags of the World.
  2. Lonely Planet: Bangladesh, 4.utg., Lonely Planet Publications (desember 2000), ISBN 0-86442-667-4.

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!