Den raude stjerna er som politisk symbol først og fremst eit sosialistisk og kommunistisk symbol bruka av svært ulike organisasjonar og styresmakter i fleire verdsdelar. Dei fem takkane på stjerna skal stå for dei fem fingrane på ei hand såvel som for dei fem verdsdelane.
Mange nye kommunistiske statar etter andre verdskrigen bruka òg stjerna i flagget sitt, på riksvåpen, på uniformer og på anna utstyr. Ettersom dei gjerne tok utgangspunkt i det raude flagget, var det like vanleg å ha stjerna i ein annan farge enn raud. Flagget til Nord-Korea og det tidlegare Jugoslavia har begge ei raud stjerne, medan Folkerepublikken Kina og Vietnam brukar gule stjerner, fordi flagga er raude.
Bruk i dag
Då Sovjetunionen og fleire andre kommuniststatar fall blei den raude stjerna avskaffa saman med andre kommunistsymbol. Somme land som framleis er leidde av parti som kallar seg kommunistiske brukar stjerna enno; såleis Kina, Vietnam og Nord-Korea. Etter at kommunismen fall er det i Ungarn blitt forbode å visa eller bruka symbolet.
Partiet Raudt har i dag (2008) nokre spesielt utforma raude stjerner som symbol, og ungdomsorganisasjonen deira, Raud Ungdom, har ei kvit stjerne på raud botn som merke.