Den norske Forleggerforening, og kalla Forleggerforeningen, er ein bransjeorganisasjon og medlemsforeining for norskeforlag. Administrasjonen har tilhald i Øvre Vollgate 15 i Oslo. Foreininga vart skipa i 1895.
Som medlemar i foreininga kan verte slike verksemder som har som næring å gje ut bøker, vitskaplege tidsskrift, ljodbøker, audiovisuelle læremiddel eller anna opphavsrettsverna materiale i elektronisk form. Verksemda må vere registret i Noreg. Både store og små forlag er medlemar i foreininga. Til saman står desse verksemdene for mesteparten av omsetjinga av bøker i Noreg.