Den ekvatoriale motstraumen er ein havstraum i Stillehavet og Indiahavet som strøymer frå vest mot aust, ved om lag 5 ºN. Motstraumane kjem av at dei balanserer dei vestlege havstraumane i desse hava som er Nord- og Sørekvatorialstraumen. I El Niño-år vert denne straumen forsterka i Stillehavet.