Den Norske Turistforening (DNT) er ei foreining for vandrarar og anna friluftsfolk, og den største friluftsorganisasjonen i Noreg, med over 240 000 medlemmar. Til saman er 57 lokale turistforeinigar og turistlag tilslutta Den Norske Turistforening, som er ein «paraplyorganisasjon» og landsforeining for desse lokale turistforeiningane. Dei lokale foreiningane driv hytter på fjellet og i skogane, merkjer og legg til rette turstiar og arrangerer turar i kvar sine eigne geografiske område, medan Den Norske Turistforening tek seg av dei sentrale oppgåvene, som mellom anna går ut på å gje ut medlemsbladet Fjell og Vidde og årboka, drive organisasjonsarbeid, naturvernarbeid, medlemsteneste og informasjons- og marknadsføringsarbeid. Lokalforeiningane driv til saman 411 hytter, merkjer 19 000 km sommarruter (turstiar) og 5 000 km vinterruter (skiløyper). Foreiningane held årleg 2 500 turar og kurs, både i inn- og utland. Kristin Krohn Devold er generalsekretær (2011).
Historie
Foreininga blei grunnlagd den 21. januar 1868 etter pådriv frå konsul Thomas Johannesen Heftye og kaptein Hans Hagerup Krag.[1] I tillegg til desse to sat oberst Fredrik Næser, professor Halvor Rasch, og assessor W. Erichsen i den første direksjonen. Turistforeininga hadde som føremål «at lette og udvikle Turistlivet her i Landet».[2] Den første medlemsforeininga blei Oslo og omland, grunnlagd same året som hovudforeininga, i og med at Den Norske Turistforening og lokalforeininga var den eine og same foreininga fram til Den Norske Turistforening byrja å fungere som nasjonal foreining.