Den Kongelige Mynt eller Mynten vart skipa i 1686 som ein del av Kongsberg Sølvverk.
Verket nytta sølvet frå gruvene til å produsere mynt. Opphavleg vart det styrt frå København som eit av selskapa til Kongen. Seinare vart det leia av Finansdepartementet før det i 1962 blei
overført til Noregs Bank.
Den første myntproduksjonsverkstaden i Noreg vart skipa av Kristian IV i Christiania i 1628. Verksemda vart skipa for å lage mynt av sølv frå gruvene i Kongsberg som blei funne i 1623. Dei første åra før 1628 vart sølvet sendt til Danmark for utmynting, men ein fann at det var enklare å leggja produksjonen til Noreg. I 1686 flytta verksemda til Kongsberg.
I 1806 vart det lagt ned og alt utstyret selt eller sendt til myntverket i København og lokala selde. Men det starta att på same plassen i 1808.
I 2001 blei Den Kongelige Mynt skilt ut som eige aksjeselskap heileigd av Noregs Bank. 30. juni 2003 vart
selskapet seld til eit privat aksjeselskap for 44 millionar kroner.
Bygningane
Den Kongelige Mynt er samansett av fleire bygningar; smia, myntverksbygningen og myntmeisterbustaden.
Dei ligg samla på vestsida av Numedalslågen i Kongsberg og har adresse Hyttegata 3. Mynten vart
freda av Riksantikvaren i 2004.