Den Kongelige Ballet er eit internasjonalt anerkjent klassisk ballettkompani med base i Det Kongelige Teater i København. Det er eit av dei eldste ballettkompania i verda, og stammar frå 1748, då Det Kongelige Teater blei stifta.
Balletten blei endeleg organisert i 1771 som ein reaksjon på den store populariteten som fanst for franske og italienskedansestilar. Det Kongelige Teater har tent som heimstad for balletten sidan han blei skipa. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 av den franske HofdansemesterPierre Laurent. Skulen blei vidareutvikla av den italienske ballettmeisteren Vincenzo Galeotti og August Bournonville skipa den romantiske Bournonville-tradisjonen til kompaniet.
Historie
Frå byrjinga tilsette Den Kongelige Ballet nokre av dei leiande franske og italienske dansarane og koreografane. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 for å levera innfødde dansarar. Eit par år etter at ballettskulen var grunnlagd debuterte Anine Frølich som ein av dei fyrste.
Ein av dei tidlege ballettmeistrane, Vincenzo Galeotti, blir rekna for å vera den eigentlege grunnleggjaren av Den Kongelige Ballet. Han var ballettmeister frå 1775 fram til han døydde i 1816, og innførte ballett d'action og førebudde til den romantiske balletten. Vincenzo Galeotti sin ballett Amors og Ballettmesterens Luner frå 1786 er framleis ein del av repertoaret til ballettkompaniet. Dette er verdas eldste ballett som framleis blir utført med den opphavlege koreografien sin.
Ein annan viktig ballettmeister i ballettkompaniet var den danske dansaren August Bournonville, som er eit sentralt namn i dansk balletthistorie. Ryet til Den Kongelige Ballet internasjonale kjem fyrst og fremst av repertoaret han etterlet seg.