Dayr Hafir (arabisk دير حافر, Dayr Ḥāfir) er ein by i Syria i Aleppo guvernement, 50 kilometer aust for Aleppo ved motorvegen mellom Aleppo og Raqqah, 15 kilometer nord for Sabkhat al-Jabbul. Han er regionssenter i Dayr Hafir-distriktet. I folketeljinga 2004 hadde byen Dayr Hafir eit folketal på 18 948. Det er gjort fleire arkeologiske funn i byen som er datert heilt attende til 8000-talet fvt.
Dayr Hafir er framleis stort sett ein landleg busetnad.
Kjelder