Danica Patrick (fødd 25. mars 1982) er ein amerikansk motorsportutøvar som køyrer i den amerikanske IndyCar-serien.
Danica Patrick er fødd i Beloit og voks opp i Roscoe i Illinois.[1] Ho er av norsk avstamming på morssida.[2]
Patrick fekk utmerkinga Rookie of the Year i både 2005 Indianapolis 500- og 2005 IndyCar Series-sesongen.
Med sigeren sin i Indy Japan 300 i 2008 vart Patrick den første kvinna som hadde vunne eit løp i IndyCar-serien.
I mai 2006 gav ho ut ein sjølvbiografi, Danica: Crossing the Line.
Kjelder
Bakgrunnsstoff