Cuphead er eit run and gun-spel utvikla og utgjeve av den uavhengige kanadiske spelutviklaren StudioMDHR Entertainment. Spelet går ut på at ein eller to spelarar, i rolla som Cuphead eller broren Mugman, kjempar seg gjennom ein serie av sjefskampar for å betale tilbake ei gjeld til djevelen. Grafikkstilen i spelet er inspirert av amerikanske teiknefilmar frå 1930-talet, av typen som vart produserte av mellom andre Max Fleischer og Walt Disney.
Cuphead kom ut til Microsoft Windows og Xbox One 29. september 2017,[1] macOS i oktober 2018,[2] Nintendo Switch i april 2019[3] og PlayStation 4 i juli 2020.[4] Spelet har fått positiv kritikk for den grafiske stilen og den utfordrande vanskegraden.[5][6] Det har vore ein kommersiell suksess og har selt over seks millionar kopiar per 2020.[4] Under E3 2018 vart det annonsert nytt innhald til spelet, titulert The Delicious Last Course,[7] som kjem ut i juni 2022 og har ein ny spelbar figur, nye nivå og sjefskampar.[8]
Kjelder
- ↑ «Cuphead har fått ny slippdato». Gamer.no. Henta 29. september 2017.
- ↑ «Cuphead Available Now on Macintosh!». Studio MDHR. Henta 21. mars 2010.
- ↑ «Cuphead is coming to Switch next month». Eurogamer. Henta 20. mars 2019.
- ↑ 4,0 4,1 «Cuphead launches on PS4». VentureBeat. Henta 26. februar 2022.
- ↑ «Cuphead review». Polygon.com. Henta 1. juni 2018.
- ↑ «Cuphead review». EGMNow. Henta 1. juni 2018.
- ↑ «Cuphead returns in The Delicious Last Course next year». Eurogamer. Henta 11. juni 2018.
- ↑ «Cuphead: The Delicious Last Course». cupheadgame.com. Henta 26. februar 2022.
Bakgrunnsstoff