Copernicus er synleg ved hjelp av kikkert, og ligg noko nordvest for midten av sida av månen som vender mot jorda. Sør for krateret ligg Mare Insularum, og sør-sørvest ligg krater Reinhold. Nord for Copernicus er Montes Carpatus, som ligg ved sørenden av Mare Imbrium. Vest for Copernicus ligg ei gruppe åsar. På grunn av den relativt unge alderen, har krateret vore relativt urørt sidan det vart danna.
Apollo 12-toktet landa sør for Copernicus på Oceanus Procellarum. Ein av strålane frå materialet som vart kasta ut frå krateret gjekk gjennom her, og forskarar håpa at jordprøvane ville syne alderen til krateret. Prøvane viste ikkje noko tydeleg svar, men var heller ikkje inkonsistente med eit estimat som sa at krateret vart danna for 800 millionar år sidan. Copernicus vart rekna som ein av dei mogelege landingsstadane for det avlyste Apollo 20-oppdraget.
Satellittkrater
Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Copernicus.
Cocks, Elijah E.; Cocks, Josiah C. (1995). Who's Who on the Moon: A Biographical Dictionary of Lunar Nomenclature. Tudor Publishers. ISBN978-0-936389-27-1.
McDowell, Jonathan (July 15, 2007). «Lunar Nomenclature». Jonathan's Space Report. Henta 24. oktober 2007.