Clem Burke |
Clem Burke i 2009 |
|
Fødd | 24. november 1954 (70 år) |
---|
Fødestad | Bayonne i New Jersey |
---|
Fødenamn | Clement Anthony Bozewski |
---|
Alias | Clement Burke Clem Burke Elvis Ramone |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | Sidan 1972 |
---|
Sjanger | Punkrock, new wave, hardrock, post-punk, garasjerock, poprock |
---|
Instrument | Trommer |
---|
Tilknytte artistar | Blondie, Chequered Past, The Fleshtones, The Romantics, Ramones, Iggy Pop, Joan Jett, Pete Townshend, Eurythmics, Bob Dylan, The Adult Net, The Split Squad, The International Swingers, The Empty Hearts, Slinky Vagabond |
---|
Verka som | Musikar |
Clement Burke (fødd 24. november 1954) er ein USA-amerikansk musikar som er mest kjend som trommeslagar i bandet Blondie frå 1975, kort tid etter bandet vart skipa, og gjennom heile karrieren deira.
Spelestilen hans har vore inspirert av Hal Blaine, Keith Moon, Ringo Starr og Earl Palmer.[1]
I 1980- og 1990-åra, medan Blondie var oppløyst, spelte Burke trommer for The Romantics, Pete Townshend,[2] Bob Dylan,[2] Eurythmics,[3] Dramarama,[4] The Fleshtones, Iggy Pop,[2] og Joan Jett,[2] blant fleire. Han spelte òg med Chequered Past i 1983 i lag med Sex Pistols-gitaristen Steve Jones, Blondie-kollegaen Nigel Harrison, musikaren Tony Sales og songaren og skodespelaren Michael Des Barres.[5][6]
I 1987 spelte han to konsertar med Ramones (under namnet «Elvis Ramone»).[7]
Burke vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006 som medlem av BLondie.
Kjelder
Bakgrunnsstoff