Cima Rossa er eit 3 161 moh høgt fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden. På vestsida ligg dalen Malvaglia (Ticino) og på austsida dalen Calanca (Graubünden).
Cima Rossa er knytt til det høgare massivet Vogelberg via ein fire kilometer lang rygg, som aldri vert lågare enn 2 925 moh. Ein mindre topp (3 121 moh) kalla Piz Piotta ligg nord for toppen av Cima Rossa. Ein liten bre ligg mellom dei på vestsida, kalla Ghiacciaio di Piotta.
Kjelder
Bakgrunnsstoff