Christian-Albrechts-Universität zu Kiel (CAU) er eit universitet i Kiel i Schleswig-Holstein. Det har over 20 000 studentar og 600 vitskapeleg fast tilsette.
Universitetet vart grunnlagt 5. oktober 1665 av hertug Christian Albrecht av Holstein-Gottorp i samband med Kiel slott. Frå denne tida, rett etter trettiårskrigen, stammer òg ordspråket Pax optima rerum, «fred er det høgaste gode», i seglet til universitetet.