Christopher James Harley, kjend under scenenamnet Chris Rainbow (18. november1946–25. februar2015), var ein skotsk[1][2] songar og musikar[3] som hadde to hittar med songane «Give Me What I Cry For» og «Solid State Brain» i 1970-åra
I tillegg til solokarrieren sin var han vokalist og arrangør for mange rockeband og soloartistar. I seinare tid eigde han sitt eige studio og arbeidde som produsent.
I 1972 og 1973 var Rainbow involvert i bandet Hopestreet, før han byrja å spele inn solomateriell. Han gav ut tre soloalbum, Home of the Brave i 1975, Looking Over My Shoulder i 1977 og White Trails i 1979. I 1979 byrja Rainbow som medlem i The Alan Parsons Project og tidleg i 1980-åra vart han medlem av Camel, og var med på albuma The Single Factor og Stationary Traveller.
Som produsent har Rainbow produsert fleire album for det skotsk-gæliske rockebandet Runrig.[1]