Charles Watson Patchell (1861–18. august1943) var ein skotsk lærar og fjellklivar som ofte ferierte i Noreg frå 1880-åra til 1939. Han var fyrstemann til topps på ei rad norske fjell, særleg i Sunnmørsalpane.
Liv
Patchell underviste ved det som i dag heiter Glenalmond College frå 1892 til 1923, der han underviste i språkfaga gresk, latin og engelsk. Den privateigde internatskulen ligg i regionen Perth and Kinross.
I dei lange sommarferiane reiste ungkaren Patchell ofte til Noreg, der han la ut på fotturar og kleiv i fjella. Sommaren 1887 møtte han den norske fjellføraren Johannes Vigdal på Eidsbugarden. Gjennom mange år gjekk så dei to på turar i lag, mellom anna var dei 20 gongar på Jostedalsbreen. Fleire av fjellferdene var pionerturar. I 1895 klatra dei to til topps på Søre Dyrhaugstind, året etter tok dei seg fobi Halls hammer på Skagastølsryggen.
Patchell fekk høyre om Sunnmørsalpane i 1888, og det var til dette området han seinare oftast la sine sommarturar. Han var til topps på Kviteggja i 1890. I 1892 besøkte han fjordbygda Øye i dåverande Hjørundfjord kommune, og det då eittårgamle Hotel Union for fyrste gong. Fram til 1914 og utbrotet av fyrste verdskrigen, var han så å seie årleg innom hotellet på Øye.
Etter Patchell pensjonerte seg i 1923 reiste han årleg til Sunnmøre. Han vart nærast ein liten institusjon i bygda på Øyelandet, kom kvar vår straks før 17. mai. På sjølve nasjonaldagen vart Patchelleikane avvikla med premiar til deltakarane. I 1927 vart Patchellhytta reist i fjelldalen Habbostaddalen, delfinansiert av Patchell. Denne turisthytta, som er eigd av Ålesund-Sunnmøre Turistforeining, var i bruk til ei ny og større hytte vart reist i nærleiken i 1964. Seinare er den eldste Patchellhytta restaurert.
Patchell var medlem av Alpine Club i London og av Scottish Mountaineering Club. I 1932 vart han utnemnd til medlem av Norsk Tindeklub, heidersmedlem i Ålesund-Sunnmøre Turistforeining var han frå 1935. Ved utbrotet av andre verdskrigen reiste han heim for siste gong.
Ein bautastein til minne om Patchell vart reist i 1948 ved Riksveg 655, lengst framme på garden Øye.
Kjelder
Jakob E. Øye: «C. W. Patchell» i Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 8 - 1986.
«Charles Watson Patchell» i Sunnmøre: Fra Tare til tind. Årbok 2003 for Den Norske Turistforening.
Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!