Cetinje (kyrillisk Никшић, italienskCettigne, gresk Κετίγνη, Ketígni, tyrkiskÇetine) er ein by og ein kommune i Montenegro. Ved folketeljinga i 2023 hadde kommunen 14 465 innbyggjarar etter dei førebels resultata.[1]
Cetinje var tidlegare hovudstad i Montenegro og offisiell residens for presidenten av Montenegro. Kommunen har ein særleg status som historisk hovudstad og blir offisielt omtala som «den gamle kongelege hovudstaden Cetinje» (Prijestonica Cetinje / Пријестоница Цетиње).
Byen ligg sør i kommunen med same namn på ei lita karstslette omgjeve av kalksteinsfjell, inkludert Lovćen, «det svarte fjellet» som Montenegro har fått namnet sitt etter.
Cetinje er ein by med stor historisk arv og vart grunnlagd i 1482. Han var eit senter for montenegrinsk liv og er krubba til både montenegrinsk og serbisk kultur og eit religiøst senter for den ortodokse kyrkja. Dette og den lange tida byen klarte å stå imot invasjonen til Det osmanske riket gjorde at han vart kalla «Serbisk Sparta» (Српска Спарта).
Busetnader
I 2011 hadde kommunen 16 657 innbyggjarar.[2] Dei største busetnadene i kommunen var: