Cerdanyola del Vallès er ein kommune i Vallès Occidental i Catalonia i Spania og har kring 60 000 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av Collserolaryggen. I byen ligg hovudkontoret til Universitat Autònoma de Barcelona.
Byen har stort sett vokse fram dei siste hundre åra, så dei fleste byggverka her er moderne. Soknekyrkja er bygd i modernistisk stil, og Sant Marcel-borga er ombygd i nygotisk stil.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff