Central-linja er ei linje i London Underground. Den går på djupt nivå frå aust til vest gjennom London, og er den lengste linja i undergrunnsnettet. Før strekninga frå Epping til Ongar blei stengd var Ongar den stasjonen som låg lengst frå London sentrum. Linja er i dag markert med raud farge på undergrunnskartet.
Den eldste delen av linja, frå Shepherd's Bush til Bank, følgjer dei samanhengande gatene over bakken; Holland Park Avenue - Bayswater Road - Oxford Street - New Oxford Street - High Holborn - Holborn- Holborn Viaduct - Newgate Street - Cheapside - Poultry.
Metronet Rail er ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlege avtalen mellom britiske transportmyndigheiter og to private jernbaneforetak.
Historie
Linja blei først opna under namnet Central London Railway i 1900. Den gjekk då mellom Shepherd's Bush og Bank. I 1908 blei den utvida vestover til Wood Lane Exhibition, ein stasjon som blei oppretta i samband med den fransk-britiske utstillinga som blei arrangert det året. Austover blei den utvida til Liverpool Street i 1923.
Nye utvidingar følgde i 1930-åra, og vidare arbeid heldt fram ved utbrotet av andre verdskrig. Ein uferdig tunnel blei då brukt som ammunisjonsfabrikk, ettersom den var svært godt verna mot bombing. Denne seksjonen blei opna i 1947.
Central-linja var den første som innførte regelmessige høgtalarmeldingar om neste stoppestad og om kva linjer ein eventuelt kan bytte til der. Annonseringane er ferdig innspelte og blir automatisk sende over høgtalaranlegget på rett stad.
Linja fekk automatisk togstyringssystem i 1996, og dette blei teke i bruk over ein periode på nokre få år. Toga er nå automatiske, og føraren treng berre å stenge dørene og trykke på ein startknapp, så køyrer toget i trygg fart til neste stasjon og stoppar der.
Strekninga mellom Epping og Ongar blei nedlagt i 1994. Den hadde aldri vore nytta av normal trafikk, og den einaste årsaka til at den eksisterte var at det ved Ongar låg ein stor bunker som skulle blir brukt av myndigheitene i tilfelle krig. Denne blei nedlagt i 1994, og det var då ikkje lenger behov for strekninga.
25. januar2003 spora eit tog av ved Chancery Lane, etter at ein trekkmotor fall av og hamna på sporet. 32 passasjerar blei skadde. Heile linja blei stengd til ein hadde funne årsaka til at motoren fall av og til det blei gjort utbetringar på materiellet. I mars 2003 var eit avgrensa tilbod i drift, og i løpet av april kom linja i full drift igjen.