Carlos Alberto Torres (17. juli1944–25. oktober2016) var ein brasiliansk fotballspelar, fødd og død i Rio de Janeiro. Han var kaptein på Brasil sitt vinnarlag under Fotball-VM 1970 i Mexico. Midtstopparen spelte 53 landskampar for Brasil i tida 1964-77 og skåra åtte mål, mellom andre det siste målet i VM-finalen 1970.
Carlos Alberto var Fluminense-spelar frå 1963 til 1966. I 1966 flytta han til Santos og var lagkamerat med Pele i åtte år. I 1974 returnerte han til Fluminense, der han var med å vinne to delstatsmeisterskap. Etter ein sesong på Flamengo, fylgde han pengane og reiste til USA. Perioden 1977-82 spelte han på New York Cosmos, minus ein sesong i California Surf.