Kong Carl XVI Gustaf av Sverige (uttalt «gustav») (fødd 30. april 1946) har vore konge av Sverige frå 15. september 1973. Han etterfylgde bestefaren Gustav VI Adolf av Sverige som konge. Han vart den 19. juni 1976 gift med Silvia Sommerlath.
Foreldra hans var prins Gustaf Adolf av Sverige og Sibylla av Sachsen-Coburg-Gotha. Prins Gustaf Adolf omkom i ei flyulukke 26. januar 1947.
Carl Gustaf er busett på Drottningholms slott, like utanfor Stockholm. På fritida driv han mellom anna med jakt og bilkøyring. Carl Gustaf er admiral i det svenske sjøforsvaret. I hæren og luftforsvaret er han general.
Carl Gustafs slekt har namnet Bernadotte. Slekta kom til Sverige med Jean Baptiste Bernadotte, som vart kong Karl III Johan av Noreg, og Karl XIV Johan av Sverige.
Han vart i 1974 tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.
Titlar
Høgvyrde Prins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1946–1950)
Høgvyrde Kronprins Carl Gustaf av Sverige, hertug av Jämtland (1950–1973)
Hans Majestet Kong Carl XVI Gustaf av Sverige
Galleri
-
Kong Carl XVI Gustafs monogram
-
Kong Carl XVI Gustaf og Dronning Silvias fellesmonogram
-
Prins Carl Gustaf (no Kong Carl XVI Gustaf), ca. 1950
-
Kong Carl XVI Gustaf i
Stockholm på
Sveriges nasjonaldag, 6. juni 2009
-
Dronning Silvia og Kong Carl XVI Gustaf kjem tilKonserthuset i Stockholm, dagen før bryllaupet til
Kronprinsesse Victoria og
Daniel Westling (no Prins Daniel), 18. juni 2010
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
Bakgrunnsstoff