Carl Johansen
|
|
Nasjonalitet |
Noreg
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
6. august 1974 (50 år) Sunndalsøra
|
Yrke |
Forfattar, politikar
|
Politisk parti |
Miljøpartiet Dei Grøne
|
Debut |
Skinn, 2011
|
Carl Johansen (fødd 6. august 1974) er ein norsk forfattar og politikar frå Sunndalsøra.[1][2][3]
Han romandebuterte i 2011 med romanen Skinn på forlaget Vigmostad & Bjørke.[4] I 2020 gav han ut romanen Ferguson. A Novel på engelsk.[5] Han har bidrege med noveller i ei rekke antologiar, og dessutan skrive manus for TV. Tekstane til Johansen er omsett til kinesisk, polsk og latvisk, og nytta som pensum i VGS.
Johansen har studert statsvitskap og idéhistorie ved Universitetet i Oslo, og gått Forfattarstudiet i Bø.[6] Han er folkevald til fylkestinget i Møre og Romsdal for Miljøpartiet Dei Grøne.[7][8]
Utgjevingar
- Antologien til Forfatterstudiet i Bø (2005)
- 25 episodar av Hotel Cæsar (2008–2010)
- «Lonely is the word, essay (Vinduet 4/2010)
- Noveller i antologiane Tapt og funnet, Pilot, Det er bare å lukke øya og Jakten på tirsdag (Cappelen Damm 2005–2013)
- Skinn, roman (Vigmostad & Bjørke 2011)
- Grünerløkka, forteljingar (Vigmostad & Bjørke 2017)
- Kynismer, aforismar og dikt (Vigmostad & Bjørke 2018)
- «Rattus norvegicus», Intertekst VG1 (Fagbokforlaget 2020, fyrst publisert i Grünerløkka)
- Ferguson. A novel (Grey Slate Press 2020)
Referansar
- ↑ ««Carl Johansen (06.08.1974)»». forfatterkatalogen.no. Henta 20. februar 2013.
- ↑ Anders Malm (15. august 2011). «Debutanter høsten 2011:». nrk.no. Henta 4. februar 2012.
- ↑ «BOKBADET I Sunndal folkebibliotek: Svein Sæter - Ekstra: Carl Johansen». Nettstaden til Sunndal kommune. 21. juli 2011. Henta 4. februar 2012.
- ↑ «Skinn». nettstaden til forlaget Vigmostad & Bjørke. Henta 4. februar 2012.
- ↑ Noble, Barnes &, «Ferguson: A novel|NOOK Book», Barnes & Noble (på engelsk), henta 11. april 2021
- ↑ Malm, Anders (15. august 2011), «Desillusjonert idealist», NRK (på norsk bokmål), henta 12. april 2021
- ↑ «Stortingsvalliste 2021», Møre og Romsdal MDG, henta 11. april 2021
- ↑ «Møre og Romsdal fylkeskommune», mrfylke.no, henta 11. april 2021
Bakgrunnsstoff