Cape Cornwall (kornisk Pen Kernow ) er eit lite nes i Cornwall i England , 6 km nord for Land's End nær byen St Just . Neset er staden der havstraumane i Atlanterhavet deler seg og anten går opp Den engelske kanalen eller inn Bristolkanalen og Irskesjøen . Brisons ligg om lag 1,5 km utanfor Cape Cornwall og er utgangspunktet for den årlege symjekonkurransen til Priest's Cove .
Cape Cornwall
Ein trudde ein gong at neset var det sørvestlegaste punktet på det engelske fastlandet, men nøyaktig landmåling har vist at Land's End ligg lenger vest.
Nesten heile neset er eigd av National Trust .
Kjelder
Bakgrunnsstoff
50°07′36″N 5°42′35″W / 50.12667°N 5.70972°W / 50.12667; -5.70972