Det er vanleg å omtala inndelinga av regionen i North Canterbury (nord for Rakaiaelva), Mid Canterbury (frå Rakaiaelva til Rangitataelva), South Canterbury (sør for Rangitataelva) og Christchurch (Christchurch City). For mange føremål vert South Canterbury sett på som ein separat region, med sentrum i byen Timaru. Denne inndelinga fell ikkje saman med den administrative inndelinga av regionen i distrikt.
Då den noverande lokalstyrestrukturen vart skipa i 1989, var Kaikoura District ein del av Nelson-Marlboroughregionen. Denne regionen vart seinare oppløyst og erstatta av tre territoriale regionar (unitary authorities). Kaikoura var for lite til å greia seg som sjølvstendig territorial region, og vart lagt inn under Canterburyregionen som eit distrikt. I tankegangen til mange menneske er likevel Kaikoura enno ein del av Marlborough.
I 2018 var folketalet i Canterburyregionen 624 200, dette gjer han til den folkerikaste regionen på Sørøya og den nest største på New Zealand etter folketal.
Historie
Kolonisering
I 1848 skipa Edward Gibbon Wakefield og John Robert Godley foreininga Canterbury Association som hadde til føremål å planleggja ein koloni på Sørøya på vegne av den engelske kyrkja (Church of England). Kolonien skulle styrast etter visjonar om eit nytt Jerusalem[2] som Wakefield hadde funne fram til medan han sat i fengsel for å ha bortført ei ungjente for å gifta seg med henne.
Frå 1850 starta utviklinga i provinsen, og i denne tida teikna arkitektBenjamin Mountfort, den første provinsarkitekten, offentlege og kyrkjelege bygningar i nygotisk stil.
Canterbury Province
Canterbury Province vart danna i 1853 etter at lova om newzealands statsforfatning, New Zealand Constitution Act 1852, vart vedteken. Provinsen gjekk ut frå New Munster og omfatta både aust- og vestkystane på Sørøya på New Zealand. Provinsen vart avskaffa, saman med dei andre provinsane på New Zealand, i 1876.
Vinregionar i Canterbury
Canterbury har to større område med vindyrking. Dei er Waipara og området kring Christchurch, vinane har for ein stor del vorte namngjevne «Canterbury». I den seinare tida er det produsert vin frå vinmarker i Kurow lenger mot sør.
Kvitvin har for ein stor del dominert vinproduksjonen i Canterbury, frå drueslaga riesling, sauvignon blanc, chardonnay, gewürztraminer og i mindre grad pinot blanc og pinot gris. Pinot noir har til ein viss grad også vore vellukka i provinsen, særleg i Waipara.
Terminologi
Folk frå New Zealand omtalar gjerne folka frå Canterburyregionen som «Cantabrians», ei nemning som også vert brukt om folk frå Cantabria i Spania, men i dei fleste samanhengar er det usannsynleg at dette fører til misforståingar. Folk frå byen Canterbury i England kallar seg sjølve Cantuarians.