Barn på canadadagparaden i Montreal i 2004.
Snowbirds flyg på canadadagen i 2008 ved det canadiske parlamentet i Ottawa .
Canadadagen (engelsk Canada Day , fransk Fête du Canada ) er nasjonaldagen i Canada , feira den 1. juli til minne om loven British North America Act frå 1867 som skapa den canadiske konføderasjonen. Han blei tidlegare kalla Dominionsdagen (Dominion Day ) eller Konføderasjonsdagen (Dominion Day , Jour de la Confédération ).
Opphav
Dagen er også kjend som fødselsdagen til Canada.[ 1] [ 2] [ 3] Markeringa er til minne om då tre koloniar i Britisk Nord-Amerika - Nova Scotia , New Brunswick og Provinsen Canada - blei ein føderasjon av fire provinsar (provinsen Canada blei delt i Ontario og Quebec ) den 1. juli 1867 . Sjølv om Canada då kan reknast for å ha blitt eit eige rike,[ 4] [ 5] [ 6] heldt Storbritannia på ein avgrensa rett til politisk kontroll over landet. Denne blei gradvis avskaffa. I 1982 fekk Canada fullstendig sjølvstende gjennom Constitution Act, 1982 og det britiske motstykket Canada Act 1982 . Dette året bytta ein også namnet på nasjonaldagen til det novarande.
Kjelder
↑ Panetta, Alexander; Pedwell, Terry (2. juli 2007), «An unforgettable Canada Day, eh?» , Toronto Star , henta 12. mai 2007
↑ «Canada Day celebrations» , Toronto Star , 29. juni 2007, henta 12. mai 2007
↑ Canwest News Service (1. juli 2007), «Harper salutes international role in Canada Day address» , National Post , arkivert frå originalen 28. juni 2011, henta 12. mai 2007
↑ «Heritage Saint John > Canadian Heraldry» . Heritage Resources of Saint John and New Brunswick Community College. Arkivert frå originalen 6. mars 2005. Henta 3. juli 2009 . Arkivert 2005-03-06 ved Wayback Machine .
↑ The Royal Household. «The Queen and the Commonwealth > Queen and Canada > History and present government» . Queen's Printer. Henta 3, juli 2009 .
↑ Department of Canadian Heritage (2005). «The Crown in Canada» (PDF) . Queen's Printer for Canada: 7. Henta 3. juli 2009 .
Bakgrunnsstoff