Camillo Benso di Cavour (10. august 1810–6. juni 1861) var ein italiensk greve og politikar frå Piemonte i Nord-Italia. Han vart mest kjend som statsminister i kongeriket Sardinia og som mannen bak den italienske grunnlova. Etter samlinga av Italia vart han den første statsministeren i det nye kongeriket Italia.