Cabo da Roca (Kapp Roca) er eit nes som utgjer det vestlegaste punktet på det europeiske og det portugisiske fastlandet. Det ligg i kommunen Sintra vest for Lisboa.
Neset vart kalla Promontorium Magnum av romarane. Under seglskutetida var det kjend som Lisboaklippa. Den portugisiske diktaren Luís de Camões (1500-talet) skildra Cabo da Roca som staden «der landet sluttar og havet byrjar» (portugisiskOnde a terra acaba e o mar começa).
Landemerke
Fyret på neset står på toppen av klippa i lag med ein suvenirbutikk. Neset er ein populær turistattraksjon.