Butan har to isomerar, n-butan og 2-metylpropan. Den sistnemnde er òg kjend som isobutan.
Stoffet finst mellom anna i LPG. Andre bruksområde er som lightergass og som kjølemedium i kjøleskap og frysarar. Butan blir òg brukt som drivgass i ein del sprayboksar.