BrewDog vart grunnlagt av venene James Watt og Martin Dickie i 2006. Dei bryggja fyrste ølet sitt i 2007. Dei hevdar sjølv dei er Skottlands største uavhengige bryggjeri og bryggjar om lag 120 000 flasker øl som blir selde over heile verda kvar månad.[treng kjelde] Ifølgje bryggeriet sjølv var det hunden Bracken som eigde bryggeriet fram til han døydde. Etter Bracken tok kvalpen Simcoe over som eigar.
Øl
BrewDog er kjende for å ha bryggja sterkt øl. «Tactical Nuclear Penguin» var i 2009 verdas sterkaste øl, med 32 % alkoholinnhald.[1] «Sink The Bismarck» var i februar 2010 lansert, med 41 % alkohol.[2] I juli 2010 lanserte dei òg The End of History. Dette ølet vart tappa i flasker putta ned i traffikdrepne dyr.[3] Dette var ikkje berre verdas sterkaste øl på 55 %, men også verdas dyraste øl.[4] Ei flaske kosta 500 britiske pund.