Borkenes er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvæfjord kommune. Staden ligg nordvest på Hinnøya, på austsida av Kvæfjorden og har 1 513 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Frå Borkenes går Riksveg 849 tre km vestover til Gåra, der han møter Riksveg 83 (Langvassbukt - Tjeldsund bru). Frå 2010 kom det brusamband mellom fastlandet og Kvæøya,[1] og det tidlegare ferjesambandet til Borkenes er lagt ned.
Kjelder