Bonnie Blair

Bonnie Blair


Statsborgarskap USA
Fødd 18. mars 1964 (60 år)
Cornwall
Idrett lengdeløp på skeiser, kortbaneløp
Tok del i Vinter-OL 1984, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 1000 meter damer
Utmerkingar Oscarstatuetten, Associated Press Athlete of the Year

Bonnie Kathleen Blair (fødd 18. mars 1964) er ein USA-amerikansk tidlegare skeiseløpar frå New York som i tida 1988-94 vann fem olympiske gullmedaljar og tre VM-titlar i sprintmeisterskap. Til saman sanka Blair, som var spesialsprintar, seg heile 15 VM- og OL-medaljar (8-4-3) over ein periode på ti sesongar.

Blair vart i sprint-VM 1986 nummer tre, deretter toar i 1987 og tre att i OL-sesongen 1988. Under dei olympiske leikane 1988 i Calgary vann ho gullmedaljen på 500 m, fattige to hundredels sekund framom austtyske Christa Rothenburger, og ho tok bronsemedaljen på 1000 meter. I sprint-VM 1989 i Heerenveen lukkast Blair knipe VM-tittelen framom den nemnde austtyske kvinna. Både i 1990, 1992 og 1993 enda ho på andreplassen i sprint-VM. Derimot sikra ho seg sigeren på begge sprintdistansane då Vinter-OL 1992 fann stad i Albertville, ein prestasjon ho gjentok i Lillehammer-OL 1994. I 1994-sesongen viste ho seg som den suverent beste kvinnelege skeisesprintaren og vann Sprint-VM i Calgary med over 1,6 tidspoeng til dei andre medaljevinnarane. Endå meir suveren var ho då ho i 1995 avslutta karrieren med triumf i sprint-VM på "heimebane" i Milwaukee.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!