Robert Hartley Elliott (fødd 8. desember 1941)[1] er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av The Hollies.[2]
Karriere
Elliott var opphavleg medlem i Johnny Theakston and The Tremeloes, som vart skipa i 1959. Det var fronta av vokalisten Johnny Theakstone.[3] Elliott spelte òg i Ricky Shaw and the Dolphins, eit Manchester-band leia av gitaristen Tony Hicks som slutta for å bli med i The Hollies i april 1963. Kort tid etter slutta Hollies-trommisen Don og Elliot tok over etter han.
Elliott spelar framleis med The Hollies i dag.[4]
Trommeslagarar som har uttalt at dei var påverka av Elliot er mellom andre Gilson Lavis, Ric Lee, Cozy Powell og Ian Paice.[5]
Kjelder