Bjørn Helge Riise (fødd 21. juni 1983 i Ålesund) er ein norsk fotballspelar som har spela for Crystal Palace på andre nivå i den engelske fotballserien og for det norske fotballandslaget.
Riise reiste til Belgia som 18-åring og spelte fotball i to belgiske klubbar før han vende attende til norsk fotball sommaren 2005. Han skreiv då under på ein tre og eit halvt år lang kontrakt med Lillestrøm. 22. juli 2009 signerte Riise for Fulham for ein overgangssum som ein gjekk ut frå var rundt 2 millionar pund.
Riise debuterte for Noreg sitt A-landslag i ein EM-kvalifiseringskamp mot Malta 2. juni 2007. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Bosnia-Hercegovina 17. oktober 2007.
Bjørn Helge Riise er veslebroren til fotballandslagsspelaren John Arne Riise.